Universitetet i Bergen.

Klokkemakeren Lavoll

Denne klokka er kanskje den største desimal klokka i verdi.

Den måler 75 cm i alle retningar og står på ein 2,5 m høg påle inne på Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen.

 

Legg merket til den spesielle skiva:

Då den franske revolusjon var gjennomført, blei ein del nye standardar innført. Vi fekk definert lengden på ein meter, tyngden på ein kilogram lodd, flatestorleik osb.

Men allereie i Oktober 1793 blei desimal tid definert og det bygger på ti-tall systemet: døgeret fekk 10 desimal-timer, timen fekk 100 desimal-minuttar, og minuttet 100 desimal-sekunder.

Klokka 10 var midnatt og klokka 5 var midt på dagen.

 

September 1794 blei dette systemet offisielt, men det blei ikkje ein suksess, så i april 1795 blei prosjektet lagt ned.

Difor må vi i dag fortsatt slite med det Sexagesimale tallsystemet som har 60 som grunntall.

 

Dette er eit offentlig verk for KORO på Universitetet i Bergen.

Klokka er teikna av Toril Johannessen

 

Urverket er produsert av Smith of Derby

 

 

 

PRIVACY STATEMENT | TERMS & CONDITIONS